Hereford
Hereford er opprinneleg ein engelsk kjøtferase. Den er raud /brun på farge, og har kvitt hovud. Smakfull, mørt og saftig kjøtt med god feittmarmorering. Fine muskelfibre og godt fordelt intramuskulært fett. Det er ein ekstensiv rase, som utnyttar utmarksbeite på ein suveren måte. Vi ynskjer ein produksjon basert på eige grovfor og beiteareal, på både innmark og utmark. Vi har erfart at det er dyr med godt morsinnstink og godt lynne, noko som gjev rolege og letthandterlege dyr.
Produkt
Vårt produkt er kjøt av storferasen Hereford, både av ungdyr og kalv. Slakting av dyra, mørning av kjøtet og vakumpakking/merking vert gjort på Nortura i Førde. Det er ca 1/2 t transport for dyra. Nortura er ei kvalitetsbedrift, som gjer ein god og trygg jobb.
Etterlid
Familien vår driv gard i Etterlia, Sundsdalen, i Førde kommune. 12 km frå Førde sentrum. Garden ligg 360 moh, og grensar til Digernesvatnet på sør og austsida.